Norane skule er ein 1-7 skule. Skuleåret 11/12 har vi 51 elevar og 6 lærarar. Skulen ligg i naturflotte omgjevnader på Ylvisåkerneset, midt mellom Sogndal og Leikanger.
Skulen er ein del av Norane oppvekstsenter, som også inneheld Ylvisåker barnehage. Skulen har 3 basisklassar, der 1-2 klasse, 3-4 klasse og 5-6-7 klasse utgjer undervisningsgruppene.
Vi ønskjer at MILL skal vere ein sentral del av skulekvardagen vår.