I samarbeid med båtlaget inviterer vi alle som disponerer båt til båtkonvoi. Konvoien startar i Staai kl. 11:30, og går til Fiksnes via Fimreite - slik som i fjor. Turen vil ta om lag ein time. Alle er velkomne til å delta - kom med den båten du har!

17. maikomiteen oppmodar til felles stopp klokka 12 for å synge nasjonalsangen saman med resten av landet.

Dei som ikkje har høve til å vere med i konvoien, kan gjerne finne seg ein ledig plass ved fjorden (med god avstand til andre folk), og vinke med flagg.

Vi legg ut nokre kulturhistoriske- og aktivitetspostar langs den vanlege 17. maitogruta frå Staai, på gangvegen ut til paviljongen, og innom Draumeplassen. Denne kan de gå når det passar dykk i løpet av dagen. Postane blir lagt ut dagen før.

Digitalt program:

Tale for dagen v/Gunn Haugen – denne finn de på kanalen Hallo Sogn streaming og video tjenester – YouTube.

Dronefilm frå bygda vår laga av Rune Venes med song frå elevar i 1.-4. klasse ved Norane skule og musikk ved Norane skule- og ungdomskorps. Denne finn de på kanalen rune venes - YouTube

Det vert høve til å vippse digital kaffi, kake eller is for dei som ynskjer det: Vipps til 687725 (eller søk opp Norane Idrettslag og vel 17. mai i «butikken».