Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
thumbnail_IMG_4105

KARNEVAL 1. klasse

Tradisjon tru har me karneval siste dag før vinterferien. Denne dagen har me gleda oss til lenge. Me har laga pynt, baka bollar, pynta loftet og planlagt. Det vart høg dansemusikk, limbo, jenka, sisten, fortballspel, gode bollar og jammen vart det litt ekstra sukkerpåfyll til slutt. Alle var einige om at dette var ein fantastisk dag.

 

God vinterferie.

351c4db1-119a-4c35-a513-2eed8037c8e6

Utedag

I dag avrunda me prosjektet om samefolket med ein utedag i skogen. Me måla det samiske flagget i snøen, spikka spyd, grilla pølser og hadde mykje fin leik i skogen. 

Til dessert fekk dei som ville marshmallow.

9a1e93e5-eba7-45d6-ba74-c723eb88dbce

Ein nydeleg utedag

Ein fin dag i skogen over skulen. Me er så heldige å ha gapahuk på skuleplassen vår. 

Me lærte oss å spikka spyd som me nytta når me skulle grilla pølser på bål. 

Kosa oss med pølse og kakao. 

Fin avslutning på veka. 

IMG_3946

Vitemeir

I dag har me hatt ein kjekk og lærerik dag på Vitemeir. Me er heldige som har eit så fint senter i bygda vår. 

Tusen takk for oss. 

IMG_3926

Kroppsøving i akebakken

Tysdag gjekk 1. klasse til akebakken og sklei på ein spegelglatt akebakke. Det gjekk rasande fort og var veldig kjekt. 

49c3b9be-b6ae-496e-8775-feb8a4eca304

Lucia

13. Desember var endeleg dagen her. Heldige oss som fekk gå Lucia gjennom alle klasseromma på heile skulen vår. Etterpå avslutta me med bollar i klasserommet. 

IMG_3743

Jul på museet

Ei kjekk og lærerik førjulsstund på museumet.

MicrosoftTeams-image (15)

Kroppen som kreatør

Me samarbeida gruppevis med å bruke kroppane til å forme bokstavar.