Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
9688A044-2CCB-4FBF-A5B5-7C4725A2E50C_1_105_c

1. - 4. klasse på skogstur

Fredag 27. august pakka småskuleelevane sekken ei god stund før lunsjtid, og la i veg retning Mårkjettehola. Det vart god tid til leik og blåbærplukking før nistepakken skulle fram. Ein flott og solrik lunsjtur i nærmiljøet. 

45FF6506-B28A-4F0E-9FDB-E141F2AC2502_1_105_c

Tverrfagleg samarbeid på småskulesteget

Onsdag 25. august treftest 1. - 4. klasse for samarbeid på tvers av klassane. Elevane vart delt inn i fire grupper og rullerte mellom brettspel, musikk, LandArt (kunst i naturen) og songleikar. 

E0FF697D-8BE3-4568-B951-63CBD9AF7DE1_1_105_c

Songstund

Onsdag 18. august samla 1.-4. klasse seg for ei songstund. Kari, som er musikklærar for alle elevane på småskulen, hadde regien. Kaupanger skule er ein "syngjande skule". Det vil seie at skulen legg til rette for meir song og songglede på skulen.

IMG_3353

Kjekk dag med fadderklassen

Torsdag hadde me ein strålande dag på Kvednhushaugen saman med fadderklassen. Mange kjekke aktivitetar i strålande sol.

C9F54280-E499-45DA-B782-43BFB029B4C5

Småskulesteget på tur

1. – 4. klasse oppsøkte torsdag det flotte turområdet på Kaupanger. Turen gjekk til Kronprins Haraldsplass, kanskje best kjent som Kongeplassen. Elevane boltra seg i det herlege terrenget og blant dei mange fine leikeplassane i naturen. Dagen var vellukka med kreativ skaparglede, fysisk aktivitet og sosialt samvær på tvers av alderstrinn.